Nye nettsider for biblioteka – workshop del 2

Workshop med arbeidsgruppa

Etter hard avstemming og nye forslag utvikla av gruppa i samarbeid, sit me igjen med to forslag til wireframes.

Den 13. og 14. april var arbeidsgruppa i prosjektet Nye nettsider i Troms på Rundhaug Gjestegård for å arbeide med innhaldet og oppsettet av dei nye nettsidene til biblioteka. Etter to intensive dagar med mykje gule lappar og teikning kom gruppa fram til to forslag for korleis dei nye sidene kan settast opp. Gruppa fekk utforma forslag til wireframes, informasjonsarkitektur og fekk sett på ansvarsfordelinga for oppdatering av dei ulike sidene og innhaldet.

Me såg på kva som hadde blitt gjort på dei førre workshopane og tok utgangspunkt i det som hadde kome fram av innspel frå biblioteka. I tillegg såg me på andre biblioteknettsider som inspirasjon til element me bør ha med.

Framsida av Rundhaug gjestegård

I ærverdige lokaler utvikla arbeidsgruppa fram wireframes og innhold til dei nye nettsidene,

Fylkesbiblioteket har no sendt ut eit brev til kommunane om samarbeid om nye nettsider. Frista for tilbakemelding er 18. mai. Etter dette set me i gang med å kontakte aktuelle leverandørar. Vidare no skal arbeidsgruppa brukarteste prototypane som er utforma før me set i gang med å fylle ut ein kravspesifikasjon. Leverandørane som blir kontakta får tilsendt kravspesifikasjon med innhaldsstruktur og utkast til wireframes (prototype).

Prosjektleiinga ynskjer at dei som har innspel til innhaldsstruktur og prototypane kjem med tilbakemelding innan 8. mai til guro.nesse@tromsfylke.no.

 

Les oppsummeringa frå workshopen

Prototype A og Prototype B (ppt, forslag til brukertesting)

Innhaldsstruktur (excel, to forslag til meny. Framsida er ikkje tatt med i dette oppsettet, sjå prototype for framside.)

Sjå meir om arbeidet under prosjektet sine arbeidssider på ressurssidene