Født feminist – hele Norge baker ikke!

MMarta Breen holder foredragarta Breen, feminist og sakprosaforfatter er i desse vekene ute på turné i Den kulturelle skolesekken i Troms. I to veker reiser ho rundt til vidaregåande skular med produksjonen Født feminist – hele Norge baker ikke! Som er basert på boka ved same namn.

I opplegget ho har til elevane snakkar ho om kva det vil seie å vere feminist i dag. Det handlar ikkje om å hate menn, men det handlar mellom anna om å la jenter og gutar få vekse opp under dei same forholda, kunne få gå i same kler og leike med dei same leikene. Breen viser fleire eksempler på kva det vil seie å vere feminist gjennom å vise elevane sterke bilete frå magasin, reklameoppslag og media der elevane får eit innblikk i kor langt seksualiseringa og pornofiseringa i media har gått. Ho meiner det er på tide me seier i frå at nok er nok. Elevane på Breivang var veldig lydhøyre i timen og deltok aktivt i diskusjon om bileta. På Breen sin blogg kan du lese fleire grunnar til å vere feminist. Mange av bileta her brukar ho i opplegget sitt.

Breen besøker også Tranøy folkebibliotek 4. april og Målselv bibliotek 5. april. Forfattarturneen er ein del av Tromsungdom leser og i samarbeid med Folkebibliotek som litteraturhus.